Det er søndag. Altså den fjerd-siste dagen eg har fri resten av ferien. Eg våkna klokka eitt, og har endå ikkje stått opp. Må sei at eg verkeleg utnyttar desse dagane. Men hadde fri i går òg då, og då var eg med kjekke folk. Først trudde eg eg kom til å ha verdas kjedlegaste dag, men så spurte Ola om eg blei med han på fisketur, og det blei eg sjølvsagt! Vi fekk ein makrell. Det vil sei, HAN fekk ein makrell. Så plutseleg høyrde vi nokon rare lydar, og PLUTSELEG er det nise overalt rundt oss! Den eine var kanskje berre eit par meter ifrå båten! Eg skreik og skreik.
Så her er eit bilde frå jobben (på fryserommet):

Random plassering. For eg kom på at eg hadde meir å fortelle om i går. Før eg reiste ut på fisketur var eg hos besta, og der var søte Konstanse (søskenebarnet mitt) og to tanter. Eg kosa masse med Konstanse!


Så etter eg hadde vore på fisketur, så reiste eg, Ola og Ove ut på ein bygdefest i nabokommunen, og det var kjekt. Nokon hadde sjølvsagt fått i seg litt for mykje, så eg gjekk rundt og plukka opp glasbrot og prøvde å halde kjolen hennar på plass.
Vi reiste heim klokka eitt, for då var edru-gjengen ganske trøytte! Halvsov i bilen òg, og Ola var så snill som ville sitte bak med meg sjølv om det var plass framme!!!
Vellykka femt-siste-feriedag
Neste veke ser sånn ut:
Mandag: Jobb -> Førde?
Tirsdag: Frisøren -> Jobb.
Onsdag: Jobb -> Førde?
Torsdag: Tannlegen -> Jobb.
Fredag: Jobb.
Lørdag: Bryllaup.
Sundag: Andr-siste-feriedag.

Save me.
Var kanskje litt optimistisk når eg trudde at nokon gadd å kommentere. Men eg fortsette å blogge uansett!
I dag har eg vore på jobb! Eg har jo berre hatt perfekte dagar sidan eg begynte (tirsdag), men i dag måtte eg vere på fryserommet!!! Det var kaldt og diverse. Eg vil ikkje klage, men eg må berre. Men så fekk eg gå i kassa att når alt var tatt (tok sånn cirka 2-3-4 timar).
Så no har eg nettopp leitt etter sydenreiser. Blir nok Playa Del Ingles på oss “gjengen” i februar. Så seint fordi eg, Malene og Ragnhild har bursdag så seint på året. Isabelle og Margrete òg om dei skal vere med. Morten er berre snill, og det er Trude òg. Veit ikkje om det er fleire som skal vere med, eller om nokon av dei her skal i det heile tatt. Men meg, Malene, Ragnhild og Morten reiser vertfall!
Shallabais.
Treng litt hjelp!!!
Header? Design? Alt eigentleg? TUSEN takk om nokon er så snille at dei vil hjelpe
God dag.
Visste ikkje om eg skulle innlede den nye bloggen med å gå rett på kva eg har gjort i dag, eller om eg skulle sei kvifor eg har skifta blogg. Vanskeleg valg. Trur eg går for den andre. Hadde fyst blogg.no, så ipublish.no, og den ELSKA eg, men så skjedde det eit eller anna med heile greia, så då måtte eg registrere den på nytt eller noko, kompliserte greier. Så eg ga opp, og laga to eller tre bloggar til på blogg.no. No er eg lei, så går tilbake til gode, gamle iPublish.
Så kan eg hoppe til kva eg har gjort i dag! Fekk meg jobb for tre dagar sidan, så jobbar no på Bunnpris. Eg har kjekke kollegaer, ein super sjef, kul uniform (hehe) og eg trivst svært godt som kassadame. Vertfall til no! Så satsar på at resten av jobbtida mi, som er minst eitt år, blir like kjekk.
Og for å gje deg eit ansikt til alle orda:

Takk for i dag!